mandag 5. mai 2008

GÅVE FRÅ DANIEL CIMADEVILLA

Eg har ein absolutt favoritt blant alle bloggane eg har besøkt. Det er DANIEL CIMADEVILLA sin blogg. Eg ser så mange gode maleri,men for meg er bileta denne argentinaren målar noko heilt særskilt.


Denne kua fekk eg frå favorittbloggaren min.
Treng eg fortelje at det var stas?
Gåve frå Daniel Cimadevilla

THANK YOU CIMA!!!

torsdag 24. januar 2008

Å bli en engel - gåve frå Elisabeth.

Gåve frå Elisabeth.

Dette bildet fekk eg av Elisabeth for mange år sidan.
Eg synest det er fint og artig, og er veldig glad for å ha det.
Dette er langt frå den einaste gåva Elisabeth har laga til meg. Ho har gleda meg mang ein gong.
Eg kjem til å fotografere fleire av gåvene eg har fått, og eg har lyst til å vise dei her i bloggen.
Besøkjer du Regnbuesting, Elisabeth sin blogg, ja då får du sjå at det er ei dame som kan skape.

TAKK for alt du har laga til meg, og for at du er der, Elisabeth.

søndag 20. januar 2008

Fargane gjer meg så godt.


Acryl på lerret. Tone

Dette er heller ikkje eit heilt nytt bilde.
Dette rekna meg ikkje som ferdig med då eg hengde det opp.
Det hender at eg hengjer opp bilde eg held på med medan eg ventar på å finne ut korleis eg skal arbeide vidare med dei.
Dette har berre aldri komme ned igjen. Eg er så glad for å ha desse fargane på veggen at eg då bildet etter nokre månader fortsatt hang like godt, bestemte eg meg for at "Dette skal beint få vere ferdig til eg finn ut at, nei no er det på tide å gi litt meir til det lerretet!

HUNDEN SØV


Acryl på Acrylpapir. Tone


Dette har eg måla på papir frå desse blokkene vi får kjøpt med papir for acrylmaling. Eg har aldri forelska meg i dette materialet, men har prøvd det, og kjem nok til å bruke det eg har igjen av blokkene.

AVSLØRING


Acryl på lerret. Tone

Dette er og eit eldre bilde eg måla i ein periode då eg hadde penselen i handa nær sagt kvar dag.
Eg trivest egentlig best med dei store formata, men dette er eit av småformat bildene mine.

KRONE


Acryl på avis. Tone

Dette tek eg med inn i denne bloggen.
For 2-3 år sidan var det ein periode eg måla veldig mykje på avispapir, og dette er frå den perioden.
Eg likar godt å male på aviser. Eg kan få fine effektar ved å la underlaget (avissida) skine gjennom på deler av bildet.
- Og eg har det i periodar slik at eg blir bunden av at eg vil det eg målar skal bli så himla bra, då er virkar det frigjerande å male på simpelt materiale som det ikkje er så nøye med.